søndag 7. desember 2008

Ein laurdag i desember

Opp seinare enn du hadde tenkt, du burde ha stått opp tidlegare, no er heile helga øydelagt fordi du ikkje klarar å ein gong prestere å stå opp når du skal, herregud, kor mislykka går det an å bli. Opp og ut i det kalde veret. Du stressar uten grunn, det er jo laurdag, ro deg ned, jente! Du blir stressa av å tenke på at du stressar sjølv om du ikkje må, tenk om dei merkar at noko er gale med deg, ja tenk om, kva då?

Inni deg har noko snørt seg fast, du får ikkje puste og du klarar i alle fall ikkje å snakke. Dei du er med ser rart på deg og lurar på kvifor du berre snakkar i halve setninger. Korleis veit du at det er det dei tenkar? Jo, for du kan sjå det i auga deiras. Du klarar ikkje å sei ordet, du veit kva det er som skjer med kroppen din, først i dag klarte du å sette ord på det. Du plar ikkje vere ute blant folk når du har det sånn, du plar ligge under ei mørk dyne og grine og tenke på at livet ikkje er noko verdt. Og dette er takka for å forsøke å sosialisere seg. Hjerne og kropp kommuniserar ikkje, du går inn i ein butikk fylt av folk som er like sveitte som deg, kva skal vi her spør ho du er med og du klarar ikkje svare. Ja, kva skal du her? Var det ikkje berre ein idiotisk idè, eit tullate påfunn? Du kjenner rødmen i kinnene, du klarar ikkje å snakke, du stammar som ein idiot og du tenker at du må ha ein hittil uoppdaga hjerneskade.

Du sit ved eit kafèbord og er livredd for at det skal vere noko gale med kroppen din siden sist du tok av deg jakken. Du tør ikkje gå på do, enda mindre gå bort til kassa og kjøpe kaffi, så du får nokon andre til å gjere det. Og tenk om dei byrjar å spørre om vanskelege ting, tenk om du mistar kontrollen over situasjonen og dei byrjar å le av deg. Du slappar litt meir av etter kvart, men du må bort til kassa ein gong allikevel, og det er tungt. Tenk om du mister begge kaffikoppane på golvet? Tenk om du snubler i den ungen som spring rundt? Då kjem du heilt sikkert til å byrja å grine, og du kjenner at du eigentleg hadde hatt lyst til å grine, og alt det rekk du å tenke før du er borte ved bordet igjen. Du pratar som ein foss for å halde ting i gong, vi må ikkje stoppe, eg kan ikkje stoppe no, men herregud, dei kan jo tru at eg er hyperaktiv sånn som eg held på tenker du og held kjeft ei lita stund.

Du får mat på bordet framføre deg, og du anar ikkje kor du skal byrje. Oliven, har eg bestilt oliven, herregud, eg likar jo ikkje det ein gong, i alle fall ikkje på nokon annan måte enn ein intellektuell ein, og du seier høgt at du liker oliven og tvingar i deg to. Du klarar sjølvsagt ikkje å spise all maten, tenk om dei ler av deg fordi du er så småspist og du pressar inn ein bit salat til. Armane dine funkar liksom ikkje, du får ikkje samla nok mat på gaffelen og du kjenner du blir varm og raud i kinna igjen. Dei andre er ferdige for lengst og du føler deg som eit veldig lite menneske i ein altfor stor kropp. Det går ikkje lenger tenker du, du kan ikkje leve sånn, eg er jo full av bekymringar for små tulleting når eg heller skulle bekymra meg for damene i Kongo som blir valdtekne og dessutan burde eg ha delt ut aviser i dag. Du kjenner den dårlege samvittigheten vekse i munnen saman med den siste olivenen du vil ete i heile ditt liv.

Du kjenner på ordet du plutseleg kom på og visste at det er sanninga, du har angst. Angst er ordet, og du har aldri brukt det i ein sånn samanheng før. Du har angst for sprøyter, for biler som ikkje vil stoppe, for å ikkje få betalt husleiga, sånne ting, men det er ikkje det same. Du sit på kafè med to mennesker du elsker og du har angst for å vere til. For å ikkje få til det der med å vere kul og hyggjeleg og artig eller å få noko ut av livet. Du er livredd for å puste feil, ha rar kroppsbeherskelse og å snakke for mye om deg sjølv. Du veit godt at du gjer alle desse tinga, og allikevel er du ute i verda, og det er ikkje logisk i det heile tatt. Angsten gjer vondt, heile kroppen din gjer vondt og du er eit vandrande Flaxlodd utan gevinst.

2 kommentarer:

Kjetil sa...

Æsj, oliven.

Eg elskar deg likevel eg. ;-)

Anonym sa...

Tusen takk for at vi kunne legge ut dette!! Du kan se det her:

http://psykisk.wordpress.com/2008/12/08/ein-laurdag-i-desember/

Ha en god dag!

Vennlig hilsen
Victoria