tirsdag 23. september 2008

Stemning

No er det haust. Ute har dei siste plommene falt frå treet i nabohagen, så vi kan ikkje gå på slang meir. Dagane er kortare, men samstundes lengre fordi eg har meir å gjere enn før. Eg kjenner att kjensla av å ha fri - og den har eg ikkje opplevd på lenge. Inne er det lekser å gjere, bøker å lese og ting å glede seg til. Eg er ikkje åleine, eg kjem aldri til å bli åleine igjen, sjølv om du er langt vekke og eg kjenner det i magemusklane om kvelden når eg veit du ikkje skal sove ilag med meg.

Men tida går fort. Ho flyg avgårde, som ein rosa fykehest fylt med helium. Og eg har det veldig kjekt. Eg finn fram stearinlysa mine igjen, sett på plata med Rudolf Nilsen og går hausten i møte. Eg går han i møte med eit nytt og spanande yrkesval, ein eg vil dele livet mitt med og store planar for framtida. For framtida, ho er fantastisk. Vi skal lage revolusjon, veit du, og snart er det sumar igjen. Hausten går, og vi blir klokare for kvar gong vi trekk pusten. Trekk pusten du og, og kjenn kor fint det er å leve. Og eg kan supplere med ein av verdas finaste kjærleikssonger. Den oppsummerar lengsle og savn. Det kan ikkje seiast betre.

Jeg hadde sett dig lenge, der du kom
for alltid vet jeg det, når du er nær —
og hadde tenkt å hilse lett og koldt,
fordi jeg ennu har dig altfor kjær.
Slik vilde jeg forsvare mig med kulde
og også verge dig på samme vis,
så alle våre nye drømme skulde
som sene blomster visne inn i is.

Jeg hadde tenkt... Men da du stanset
med dette hemmelige gode blikk
og dette fjerne smil, jeg vet så meget om —
da skjønte jeg at planen ikke gikk.
Jeg tok din hånd og følte fra dens flate
et varsomt strøk, det Iille kjærtegn, vi
bestandig brukte i en folksom gate
dengang da ennu intet var forbi.

Rudolf Nilsen: "Jeg hadde tenkt"

tirsdag 9. september 2008

Dette er byggfag.

Her kunne eg ha lagt ut eit bilete av ein slapp gjeng sekstenåringar foran kvar sin pc, medan læraren ikkje får bileteframsynaren (kanonen, ju neim it) til å virke.

Dei gode sitatane ramlar frå alle kantar:
"Kan vi få fri?" "Eg vil gå heim!" "Nei, eg må sjekke om det er nokre andre ledige rom." Haba haba.

Dette er framtida mi. Berre synd eg ikkje har eit kamera til å forevige augeblikket.

lørdag 6. september 2008

Ja, eg kjeder meg på jobb.

Eg skal på fest i kveld. Eg hadde tatt på meg desse klærne om eg hadde hatt råd til dei. Ironisk nok hadde eg framleis sett ut som ein hippiejævel. Eg ER ein hippiejævel. Faen.

fredag 5. september 2008

Ja, eg er klissete.

Som dykk alle veit har eg verdas beste kjæreste. Han er høg og mørk, lagar verdas beste lasagne og liker å springe naken i skauen. Han er kommunist, ein ganske lur ein også, og sender blomer til meg sånn at eg blir mo i rana.
Han er målmann, kan ikkje lukeparkere (påstår han sjølv) og eiger en primus. Han held rundt meg når eg har det vanskeleg, har ingen problem med å vere med på festival og sykler til jobben. Han er kort sagt verdas beste mann å vere ilag med. På berre fire månader har han klart å bli ein eg planlegg livet mitt med, ein eg glatt reiser ti timar med buss i veka for å liggje inntil om natta, ein det berre blir betre og betre å vere ilag med...kort sagt, eg har aldri vore så forelska i nokon før. På ekte, liksom.

Og du veit når du får ein jævla bra overraskelse? Også får du noko som er enda betre? Det er litt sånn med Kjetil. Eg fekk nemleg denne (pluss ein sånn fin og god parfyme) i bursdagspresang av han: