mandag 27. oktober 2008

POETRY NIGHT!

Sjå her alle saman! Eg har funne eit dikt frå i fjor eg vil dele med dykk, frå den gong eg skreiv bokmål. Diktet er udatert, men eg tippar det er frå byrjinga av november eller noko. Også er det på rim! Så surprisingly!

Undrevise for unge jenter

Jeg ligger i sengen og undrer
på håret på mine ben
hva er det vel med dem
som gjør meg mindre pen?

Jeg står i dusjen og undrer
på tyngden i mine bryst
hva er det vel med dem
som avgjør om mannen har lyst?

Jeg går rundt i byen og undrer
på damer i høyhælte sko
hva er det vel med dem
som gjør mannen blaut og mo?

Jeg skrur på TV-en og undrer
på damene på MTV
hva er det vel med dem
som gir meg lyst til å si:

Hvorfor pokker går jeg og undrer
på hva mannen egentlig vil?
Når jeg veit innerst inne
at det er nok å være til!

onsdag 22. oktober 2008

Sommarhits til neste år

Snart er det midt på natta og eg er sjuk og søvnlaus. Ute blæs og regnar det, som alltid. Så kva er då betre å gjere på enn å skrive ein ny sommarhit? Ein sommarhit som kan få alle til å kjenne seg litt varmare (med mindre ein har feber, som eg mistenkar at eg har), lukkelege og solbrune. Det er det eg skal skrive no. Og den må sjølvsagt vere ekstremt samfunnskritisk og revolusjonær, men samstundes veldig fengande og umogleg å unngå.

Eg kan jo til dømes skrive ein låt om finanskrisa. Då ville refrenget mest sannsynleg blitt sjåande slik ut:

Gløym alle tankar om den teite finanskrisa
vil du ikkje heller vere med å spise is'a


Eller eg kan skrive ein låt om kvinneundertrykking:

Slepp kroppen din laus uansett korleis han ser ut
Ikkje bry deg om å gjere deg til for ein gut
Nyt varmen og sola mens det gjeng an
la oss late som det er likskap mellom kvinne og mann


Eller.. kva med ein hit om miljøet! Kva trur de?:

Graset er grønt og sola ho er bli
og du må nyte verda så lenge ho er di
Trekk pusten no og kjenn at lufta er rein
Og spring rundt med kjole og bare bein


Sukk. Det ser ikkje ut til at det blir noko meir samanhengjande frå denne kanten i kveld. Men du kan jo finne på dine eigne melodiar og nynne deg gjennom hausten og vinteren.

Så lovar eg at neste innlegg skal vera litt meir analytisk, litt meir politisk og litt betre formulert. Og det kan jo bety så mangt.

torsdag 9. oktober 2008

Gå inn og les!

Victoria har starta ein temablogg om psykisk helse, og eg må benytte anledninga til å reklamere litt for den. Eg har fått lov til å bidra, nemlig! Så gå inn og les om viktige ting :)

mandag 6. oktober 2008

Blodbad på børsen

No er det krise i kapitalismen igjen. Børsane detter om og vi er allerede lei bilete av menn i dress med tårer i augene. Det er merkeleg, det der, at ein aldri lærar at dette systemet lyt gå til helsike kva gong det går oppover. Altså, på ein måte.

Eg skal uansett ikkje kjede deg med min utruleg djupe innsikt i kva som forårsakar krisa. Alle dei store avisene kappast no om å finne på dei beste overskriftene og bileta for å illustrere situasjonen, og no som det verkeleg går på dunken er det ikkje dei mest kreative resultata. Tidlegare har vi sett både

"Krisa som ryster finansverdenen",

"Norges Bank er ikke forberedt"

og så vidare. No rekk ikkje journalistane å brainstorme litt ein gong over kaffikoppen før dei må oppdatere nettutgåva av avisa, og resultatet blir deretter. Men som alltid er det ein som skillar seg ut. Berre sjå her på dette kunststykket frå e24.no;