mandag 6. oktober 2008

Blodbad på børsen

No er det krise i kapitalismen igjen. Børsane detter om og vi er allerede lei bilete av menn i dress med tårer i augene. Det er merkeleg, det der, at ein aldri lærar at dette systemet lyt gå til helsike kva gong det går oppover. Altså, på ein måte.

Eg skal uansett ikkje kjede deg med min utruleg djupe innsikt i kva som forårsakar krisa. Alle dei store avisene kappast no om å finne på dei beste overskriftene og bileta for å illustrere situasjonen, og no som det verkeleg går på dunken er det ikkje dei mest kreative resultata. Tidlegare har vi sett både

"Krisa som ryster finansverdenen",

"Norges Bank er ikke forberedt"

og så vidare. No rekk ikkje journalistane å brainstorme litt ein gong over kaffikoppen før dei må oppdatere nettutgåva av avisa, og resultatet blir deretter. Men som alltid er det ein som skillar seg ut. Berre sjå her på dette kunststykket frå e24.no;

2 kommentarer:

Lotto-Lasse flyr igjen! sa...

Vakkert, åjada. Men perspektivet te blodet og skrifto stemme ikkje.
Så da Na24 sikkert vil fram te her, at me blør berre på utsido, men inni e skrifto gullfarga. Viss du forstår ka eg meine.

Anonym sa...

måtte bare kommentere, bloggtittelen din fikk meg til å humre godt. ordspill ruler gata lzm. 8)