torsdag 7. august 2008

Tyske ferieflørtar og andre skumle ting

Eit ordtak eg har bite meg merke i i det siste, er det velkjende og godt brukte (?) "Tyske ferieflørtar kjem aldri aleine". Eg har hatt ein del fritid denne sommaren, og har fulgt med på den grusomme "Arboga-tragedien". Og eg kan ikkje for det, men det kjem ei snikande kjensle og prikkar meg i nakken. Eg skal seia det beint fram:

Eg har hatt ein tysk ferieflørt. Eg har møtt ein mørk tyskar på ei strand i Danmark og ikkje følt noko særleg. Men kva veit vel eg om kva han følte? Kva faen veit eg om det? Kanskje han er der ute no, vonbroten og sint, med ei utriven dagbokside med ein sangtekst av Sissel Kyrkjebø i lomma? Eg kjenner eg blir litt nevrotisk av det her. Kanskje han har søkt seg studieplass ved høgskulen på Stord, berre for å komme nærmare. Kanskje han googlar namnet til både meg og kjærasten min akkurat no for tohundreogfjortande gong, og kanskje han har fødd mitt barn og adoptert det vekk...eller kanskje det berre er eg som har for mykje fritid.

Kanskje det hadde vore kjekt å treffe han igjen. Eg tenkte meg jo til Berlin i haustferien. Men eg veit ikkje om eg tør lenger. For som sagt, tyske ferieflørtar er noko ein skal passe seg for.


DEI ANDRE SKUMLE TINGA

På ein festival like utfor Bergen no i helga (eg vil ikkje sei kor, det her frikar meg totalt ut) blei eg psykisk antasta av eit såkalla klarsynt kvinnfolk frå det sentrale austlandet. Eg er inspirert av ein viss irriterande sommarhit (sommarslag? hæ?) når eg skal fortelje om denne dama. Og eg har tenkt å tene meg rik på den til neste år. Berre høyr;

Vi møttes på ein festival
Du smilte og lo men du var faen meg gal
Ville vite alt om kor eg vaks opp
visste ikkje når du skulle si stopp

Refr.: Yo gale synske dame/yo gale synske dame
Når du spår tipper eg du bommer
for eg ga deg feil faens nummer

Du strauk meg på kinnet og tok ikkje nei for et nei
hvis du va virkelig synsk ville du skjønt at eg va lei
Du sa du kunne se kor gammel sjela mi va
det eineste eg hørte va blablabla!

Refr.: Yo gale synske dame/yo gale synske dame
Når du spår tipper eg du bommer
for eg ga deg feil faens nummer

Neste års sommarhit, folkens. Eg berre seier det! :D

1 kommentar:

Ane sa...

vi spiller den inn på neste bandøving!