torsdag 17. april 2008

Hos tannlegen

...kan mykje rart skje. Eg har begynt å gå til ein student frå Sogn og Fjordane. Her om dagen var eg innom og fekk konstatert at eg hadde ei tann det ikkje var plakk i, og at eg har syreskadar (ikkje i hodet, din tulling.). Visst eg ikkje gjer noko med det vil tennene mine dette ut om femten-tjue år.

Den tid den sorg. Det eg eigentleg ville fortelje om var då eg hadde helst på tannlegen og han skulle intervjue meg om helsa mi og slike ting som er nyttige for sånne som han. Siste del av samtalen foregjekk omtrent slik:

Tannlegen: Har du nokon sjukdommar som kan ha betydning for behandlinga?
Meg: Næh.
Tannlegen: Har du nokon allergiar? Pollenallergi, til dømes?
Meg: Nei.
Tannlegen: Jamen..her står det jo... har du lateksallergi då? Det står her...
Meg: Eh...nei? Eg er frisk som ein fisk!
Tannlegen: Hmm...ja, ehm, hehe (nervøs latter), eg trur det her er feil mappe. Du heiter ikkje Marlene, vel?
Meg: Nei. Ikkje veldig.

Også tok han fram trykkluftboret sitt og gravde vekk litt tannstein frå innsida av kjeften min.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Sogninger azza
Hilsen H.(aris)
(jeg gadd ikke logge inn)

Ane sa...

lone.
blogge?

Anonym sa...

lone. no må du oppdatere!
(... diktere! kommunisere! fraksjonere! adoptere! inplusere! ... osv.)