søndag 16. mars 2008

Hold kjeft og les

Handling seier meir enn ord. Eg kan sei mange ting, men det er praksisen som teller. Vil du høyre kva eg meiner? Her kjem eit par påstandar eg plar sei når eg skal snakke om livet, døden og dei store tinga. Lzm.

1. "Eg elskar å reise og vil sjå verden."
Pisspreik. Eg har ikkje vore i utlandet siden i fjor vinter då eg var i Egypt. Den turen fekk eg gjennom skolen, og ikkje fordi eg fann ut på eige hand at eg skulle dra. Eg har heller ikkje vore utanfor Skandinavia bortsett frå den eine gongen i Egypt. Eg kan berre eitt anna språk enn norsk. Påstanden kan sikkert stemme på nokre områdar, men i dei fleste tilfella er han løgn og fanteri.

2. "Eg synst det er herleg å vere singel."
Av og til er eg mest forelska i meg sjølv, men stort sett er det ikkje kult å skulle vere berre meg. Jau då, eg får tilfredsstilt nokre elementære behov av og til, men sjølvsagt skulle eg ynskje eg var forelska i nokon som var forelska i meg tilbake.

3. "Mannen som elsket Yngve er verdas beste film."
Faen kor drittlei eg er av snakket om den filmen!! Jada, den var bra, men han er overalt. Og han var ikkje SÅ jævla eksistensiell og dyptpløyande. Så hald kjeft og konsentrer dykk om revolusjon i staden.

4. "Eg er ein svært aktiv blogger."
Hahaha. Dette punktet treng ikkje fleire tilføyelsar.

5. "Eg elsker kollektivtransport."
Eg hater kollektivtransport. Spesielt når du sitt ved siden av meg med dårlig hygiene, eit ekstremt lydnivå på trancemusikken du høyrer på, ein snørrete unge og/eller tre kilo brunkrem med smitteeffekt. Jau, eg veit eg er plagsam sjølv når eg høyrer på Gogol Bordello på full guffe, men eg hater deg fordet.

6. "Eg er alltid blid som smør."
Løgn. Eg blir destruktiv som faen når eg drikker, og gjer alltid ein av to moglege ting: Eter jævlig mykje dyr og usunn mat som eg alltid står tre kvarter i kø for å få, eller: Vandrar gatelangs, grinande og med ambisjonar om å kaste meg utfor ei bro. Det første gjer meg glad heilt til dagen etterpå.

7. "Fylla er jævlig gøy."
Eg hater fylla. Eg hater å vere så full at du ler av meg utan at eg skjønner det sjølv, at eg havnar i kategoriar som dei i forrige punkt, at fyllasex er ufatteleg dårleg, at eg mister evnen til å agitere for mi politiske overbevisning, at alle samtalar dreier seg om kjipe ting og at ingenting er morosamt, at ein fest ikkje lenger er ein fest men et jævla nachspiel (kafaen skjer med ungdommen? Slår aldri feil) og ikkje minst; dagen derpå. Meir vil eg ikkje sei.

8. "Ungdommen er livets vår."
Elns. Det er det faen ikkje. Det skal vere jævlig fantastisk å vere nitten, men sorry borry, det er rimeleg kjipt til tider. Eg hater å vere blakk, å jobbe deltid og å ikkje føle at eg lever skikkeleg.

9. "Alt er berre heilt jævlig."
Neida. Eg har det ikkje så ille, eigentleg. Eg har ein pc. Det er ei grunnleggande forbetring siden sist.

2 kommentarer:

Sofie sa...

Dette var en litt trist post.

Enig i at "Mannen som elsket Yngve" ikke er SÅ bra, eller iallefall ikke eksestensiell. På den annen side, det er ikke SÅ ofte det kommer en norsk film om ungdom, der en til en viss grad klarer å identifisere seg med karakterene... Sånn sett var den bra. Også er det fint at de snakker noe annet enn oslodialekt.

Anonym sa...

Til det siste punktet:
Ungdommen lever! Det er bare du som er litt for gammel... Neida, fra böll til öl: Nü har vi skrevet postkort til deg, tenker ä sende det i dag, mä bare finne et frimerke först. Briefmark.